...
Lars Helge Steinsland viser fram festivalfyrverkeriet han skal skyta opp frå Nebbo. (Arkivbilde).

Felles fyrverkeri

www.kvinnheringen.no: Lars Helge Steinsland vil gjenta suksessen og skyta opp eit spektakulært fyrverkeri på nyttårsaftan.

Mona Grønningen E-post
Publisert 29.12.2011 kl 10:22 Oppdatert 29.12.2011 kl 10:22

Tips ein venn på e-post:


Tidleg i januar i år fekk mange med seg det flotte fyrverkeriet Lars Helge Steinsland sendte opp frå Nebbo på Husnes. Han fekk svært god respons frå folk som syntest det var eit vakkert skode, og vil derfor få til det same på nyttårsaftan.

– Sist gong måtte eg venta til 8. januar med å skyta opp, på grunn av det dårlege vêret på nyttårsaftan. I år håpar eg at alt klaffar, fortel Steinsland, som er pyroteknikar.

Fyrverkeriet han skal skyta opp er kjøpt gjennom eit større importfirma i Oslo, der han også har teke kurs tidlegare. Det blir i år hovudsakleg luftbomber som går mellom 400 og 450 meter opp i lufta og breier seg 200 til 300 meter ut i lufta. Fyrverkeriet kostar opp mot 20.000 kroner.

– I fjor fekk eg fleire lokale sponsorar som gjorde dette felles fyrverkeriet mogleg, og eg trur det var noko som gledde mange. I år har eg også fått med meg nokre lokale sponsorar, men eg skal også ha ei bøsseinnsamling i romjula og håpar fleire vil støtta opp om prosjektet.

Mest lese no

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Promille i Rosendal

Nyhende www.kvinnheringen.no: Mann slo politiet i Rosendal. Les meir

...

Olav Stedje liva opp

Kultur www.kvinnheringen.no: Sogndølen, skøyaren og trubaduren Olav Stedje er på strøket. Les meir

...

Spenstige danskar

Kultur www.kvinnheringen.no: Danske spelemenn og dansarar på besøk.

Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.