...
Folgefonntunnel-opninga i Austrepollen. (Arkivfoto).

Auke i Folgefonntunnelen

www.kvinnheringen.no: I alt 235.048 køyretøy passerte gjennom Folgefonntunnelen i fjor, ein auke på 18.955 eller 8.8 prosent frå året før.

Mona Grønningen E-post
Publisert 13.01.2012 kl 12:00 Oppdatert 16.01.2012 kl 09:08

Tips ein venn på e-post:


– Dette er veldig gode tal som vi sjølvsagt er svært godt nøgde med, seier dagleg leiar for Folgefonntunnelen AS, Geir Mogren, som legg til at trass i gode rabattordningar tener tunnelselskapet pengar, og likviditeten i dag er svært god.

– Dette gjev oss grunnlag for å innfri lån, noko som vil føra til lågare innbetaling for kommunane også neste år. Alt tyder og på at mestedelen av bompengelåna vil vera nedbetalte i 2014, seier Mogren.

Statistikken for fjoråret fortel mellom anna at det i snitt passerte 643 køyretøy dagleg gjennom tunnelen, medan tala for dei to føregåande åra var på 592 og 555. Som vanleg var det størst trafikk i juli, då det passerte 35.597 køyretøy, eit snitt på 1148 pr. dag.

– Det er ein temmeleg formidabel trafikk, seier Mogren, som og gler seg over uvanleg stor trafikkauke dei to siste månadene i fjoråret.

Mest lese no

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Promille i Rosendal

Nyhende www.kvinnheringen.no: Mann slo politiet i Rosendal. Les meir

...

Olav Stedje liva opp

Kultur www.kvinnheringen.no: Sogndølen, skøyaren og trubaduren Olav Stedje er på strøket. Les meir

...

Spenstige danskar

Kultur www.kvinnheringen.no: Danske spelemenn og dansarar på besøk.

Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.