...
I kvar ende av brua er det støypt kraftige føringskantar. Foto: Kjartan Wang Olsen

Sikrar brua

www.kvinnheringen.no: Før helga kom det på plass nytt rekkverk i stål på Ænes bru, etter at det gamle vart rive bort i samband med trailerulukka for knappe to veker sidan.

Kjartan Wang Olsen E-post
Publisert 17.01.2012 kl 08:55 Oppdatert 18.01.2012 kl 12:41

Tips ein venn på e-post:

...
Det nye rekkverket vert mykje meir solid enn det gamle. Foto: Kjartan Wang Olsen

– Men delar av rekkverket er berre midlertidig, vi kjem att om nokre veker for å montera resten av det permanente rekkverket, fortel Johnny Gulbrandsen og Bjørn Kallio frå firmaet Consolvo i Lier, eit firma som er spesialistar på bru, fasade og betong.

– At ikkje vi får montert ferdig det permanente rekkverket no, har samanheng med at nokre av delene ikkje er ferdige i produksjonen, fortel Gulbrandsen.

– Opphaveleg, og uavhengig av trailerulukka, var det nemleg meininga at vi skulle montera nytt stålrekkverk på brua her i mai. Sidan dette og er ein gangbru, skal det vanlege autovernet erstattast med loddrette spiler, og desse spilene er enno ikkje ferdige i produksjonen. Det vi no gjer er at vi monterer «stålskjelettet», med m.a. pålar som i hovudsak vert festa med boltar gjennom betongkanten, og på skjelettet skrur vi fast autovern. Når spilene er ferdige om nokre veker, kjem vi tilbake og erstattar autovernet med spilene. Då vil vi òg skifta ut det gamle rekkverket på nedsida av brua, fortel Johnny Gulbrandsen, som legg til at det nye rekkverket vert mykje meir solid enn det gamle.

I tillegg til nytt rekkverk er det og støypt solide føringskantar i begge endane av brua.

((rekkverk 1 eller 1 alt. 130112))

SOLID: – Det nye rekkverket vert mykje meir solid enn det gamle, seier Johnny Gulbrandsen, medan Bjørn Kallien er i ferd med å bolta fast rekkverkspålane.

((rekkverk 2 130112))

FØRINGSKANT:

Mest lese no

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Promille i Rosendal

Nyhende www.kvinnheringen.no: Mann slo politiet i Rosendal. Les meir

...

Olav Stedje liva opp

Kultur www.kvinnheringen.no: Sogndølen, skøyaren og trubaduren Olav Stedje er på strøket. Les meir

...

Spenstige danskar

Kultur www.kvinnheringen.no: Danske spelemenn og dansarar på besøk.

Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.