www.kvinnheringen.no: Rosendal Helselag og Rosendal Utvikling arrangerer ope folkemøte om utbygginga av Rosendalstunet i morgon, tysdag.
Møtet blir i samfunnshuset. Bakgrunnen for møtet er at begge organisasjonane
har fått ei mengde «bekymringsmeldingar» frå folk som lurer på kva
situasjonen for Rosendalstunet er.
– Ut ifrå det vi kan lesa i lokalpressa er det ikkje rart at folk er forvirra.
Innhaldet i oppslaga svingar frå det mest optimistiske scenariet den eine
veka til det mest negative den andre veka, skriv dagleg leiar i Rosendal
Utvikling, Asbjørn Soltveit, i ei pressemelding.
Kommunalsjef Gunn Tove Petterteig og soneleiar Leif Kolbjørn Kongestøl kjem for å gå gjennom status i dag og framtidige løysingar. Prosjektleiar Magne Øyre vil orientera om den tekniske/planmessige sida av prosjektet.
Arrangørane håpar på fullt hus og stort engasjement under folkemøtet.