www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal.
I vedtaket heiter det og at dette vil føra til driftsendringar i alle sonene.
Punktet om at det vil bli driftsendringar på Varaldsøy og Ølve vart teke ut
av vedtaket.
Det skulle vore 177 plassar i Kvinnherad i dag, men det er berre 169. Med
budsjettet i 2012 vil det bli 153 plassar, altså 24 for lite samanlikna med
kor mange det burde vera. I 2012 beheld ein same pasienttal som i dag.
Husnes reduserer med åtte og Rosendal åtte, informerte Gunn Tove Petterteig.
Ved full utbygging i Rosendal vil det i 2015 vera 30 plassar fleire enn det som det er behov for, rekna etter tal 80-åringar. I 2020 vil ein ha 24 for mange plassar. Dette er normtal frå Statistisk sentralbyrå, opplyste ho om.
– Fagorganisasjonane seier ein ikkje må nytta ostehøvelprinsippet. Det er dyrt
å driva pleie og omsorg, og opp til dykk å finna løysingane de synest best
om, sa Petterteig.
Debatten var lang og nesten kvar einaste representant i salen ville ha ordet.
Les heile saka i papiravisa til Kvinnheringen i dag fredag.