...
M/F Sveio ved kai på Sydnes. (Arkivbilde).

Samband i det blå

www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid.

Tomas Bruvik E-post
Publisert 03.02.2012 kl 12:31 Oppdatert 03.02.2012 kl 12:47

Tips ein venn på e-post:


Arne Bjørnevik (H) hadde i kommunestyret ei rekkje spørsmål om det planlagde Fjelbergsambandet.

Kommunalsjef Kjell Nygård svara så godt han kunne på spørsmåla om ferjesambandet, men hadde ikkje mykje lysteleg nytt å koma med.

– Dette er ei trist sak. Planane er stoppa svært mange gonger, både av fylkeskonservator og no sist er det Riksantikvaren som ikkje kan godkjenna planane, sa Nygård.

Han forklara at planane har blitt godkjend, for å bli stoppa, så godkjend og stoppa igjen, svært mange gonger.

No står saka med at Riksantikvaren ikkje kan godkjenna planane om ei bru og ei kabelferje, grunna arkeologiske funn. No er det fylkeskommunen som må svara på Riksantikvaren sine meiningar.

– Samstundes så er det slik at medan planane har blitt arbeidd med, så har trafikken over Utbjoa berre gått ein veg oppover. Det har lege i alle planar at dette sambandet skal leggjast ned når ein får Fjelbergsambandet, men no blir det ikkje lett å leggja ned denne ferja, sa Nygård.

– Kanskje blir det eit alternativ å seia at vi må klara oss med ei ferjeløysing i staden for kabelferje og bru, sa Nygård til slutt.

Mest lese no

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Promille i Rosendal

Nyhende www.kvinnheringen.no: Mann slo politiet i Rosendal. Les meir

...

Olav Stedje liva opp

Kultur www.kvinnheringen.no: Sogndølen, skøyaren og trubaduren Olav Stedje er på strøket. Les meir

...

Spenstige danskar

Kultur www.kvinnheringen.no: Danske spelemenn og dansarar på besøk.

Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.