www.kvinnheringen.no: I desse dagar har styringsgruppa for Valeparken sendt ut ein brosjyre til alle husstandar i krinsen og oppmodar alle til å bli med på eit spleiselag.
Planane med ballbinge, parkanlegg og sjuarbane er klare, nødvendige løyve er på veg og søknadar om sponsormidlar er på veg ut.
Det er lite med pengar på dei kommunale budsjetta om dagen, men dersom private og bedrifter i området gir så det svir, så lovar styringsgruppa at ballbingen står ferdig sommaren 2012.
– Valen er ei stor bygd i Kvinnherad, og treng ein leikeplass og ein sosial møteplass for alle generasjonar, i sentrum. Ei tiltalande, grøn lunge i staden for den utrangerte fotballbanen, vil pynta opp og gjere den flotte vår bygda endå meir attraktiv, skriv styringsgruppa.