...
F.v.: Henriette Rørdal (styremedlem), Ragnhild Handeland (leiar), Kent Are Kjørsvik Petterson (styremedlem Kvh V), Mari Raudstein (styremedlem), Ingrid Handeland (nestleiar) og Mathias Fischer (Bergen UV). Foto: Trude Aarsand

Ungt korrektiv for Venstre

www.kvinnheringen.no: – Kvinnherad Venstre treng unge tankar og idear!

Trude Aarsand E-post
Publisert 23.02.2012 kl 07:00 Oppdatert 23.02.2012 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:


Det nystifta politiske ungdomspartiet, Unge Venstre, er komen godt i gang. Måndag vart det første ordinære medlemsmøte avhalde, denne gongen med trinn 1-kurs for unge venstrefolk, UV1. Til det var Mathias Fischer frå Bergen Unge Venstre hyrt inn. UV1 er det første av fire trinnkurs som dei unge aktivistane aktar å gjennomføra.

– Kva går det første ut på?

– Det handlar om politikken vår, kva vi driv med og ulike liberale dilemma, fortel Martin Fischer.

– Har du eit eksempel på eit liberalt dilemma?

– For eksempel spørsmålet om det er greitt å vera gift med to menn samtidig. Tenk på det, oppmodar Fischer.

Lokallagsleiar Ragnhild Handeland er oppteken av at ungdomspartiet skal gjera seg gjeldande i lokalpolitikken.

– Hovudoppgåva blir å påverka Venstre-kandidatane i kommunestyret, slik at desse fremjar sakene våre. Unge tankar og idear har dei godt av å høyra, meiner Handeland.

– Noko fanesak?

– Vi skal i alle fall jobba med kollektivtrafikken i Sunnhordland, den er altfor dårleg, røpar ho.

Kvinnherad Unge Venstre tel førebels berre fire medlemer, noko leiaren og resten av styret har tenkt å gjera noko med.

– Målet er å bli 10 før 2012 er omme!

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.