Ute av Robinson

www.kvinnheringen.no: Merete Fjellstad (42) frå Husnes var den første deltakaren som rauk ut av Robinsonekspedisjonen Vinter.

Mona Grønningen E-post
Publisert 13.03.2012 kl 07:00 Oppdatert 13.03.2012 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:

Søndag hadde programmet premiere på TV 3. I serien skal deltakarane kjempa mot kvarandre og i tillegg overleva utandørs i sprengkulda med få hjelpemiddel. I den første episoden fekk vi møta Merete Fjellstad og dei 15 andre deltakarane, som vart delt inn i to lag; Lag Nord og Lag Sør. Då laga kjempa mot kvarandre tapte Lag Sør konkurransen, og seinare måtte dei stemma ut ein av deltakarane på laget sitt. I episoden fekk vi sjå at det oppstod gnissingar mellom Merete og dei andre deltakarane, og nokon meinte ho var for sjefete. Under Isrådet vart det einstemmig vedteke at ho var den som måtte forlata ekspedisjonen.

– Eg var ikkje heilt førebudd på at det skulle bli meg. Vi hadde liksom ein avtale om at det eigentleg var Robert vi skulle stemma ut, men no ser eg at eg er blitt lurt. Vi får sjå korleis dei klarar seg utan meg i gruppa, eg trur nok at dei kjem til å sakna meg, sa Merete i intervjuet etterpå.

...
Merete Fjellstad rauk ut av Robinsonekspedisjonen på søndag. Foto: TV 3


På forsiden nå


...

Rosendal opp frå botn

Sport Endeleg kom poenga til Rosendal! Les meir

...

«Last Hippies» på Snikkeriet

Kultur Helt sidan 70-talet har musikarane i Last Hippies aktivt dyrka sin store lidenskap for klassisk rock n`roll. I kveld speler dei på Snikkeriet i Rosendal. Les meir

...

Gull på Varaldsøy

Nyhende Selskapet Norrbotten Xploration har funne gullmineral på Varaldsøy.

Les meir

...

Gil Edwards i Dønhaugkjedlaren

Kultur I kveld speler Gil Edwards på Dønhaugkjedlaren. Les meir

Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.