...
Statens vegvesen kontrollerte 380 bilar på Husnes måndag. (Illustrasjonsbilde).

Bot for manglande bilbelte

www.kvinnheringen.no: Tysdag bøtla Statens vegvesen 13 førarar då dei hadde kontroll i Rosendal.

Mona Grønningen E-post
Publisert 25.04.2012 kl 13:09 Oppdatert 25.04.2012 kl 13:09

Tips ein venn på e-post:

Denne gongen hadde vegvesenet fokus på bruk av bilbelte, og til saman kontrollerte dei 589 førarar. Ti førarar fekk bot på 1.500 kroner kvar for ikkje å ha brukt bilbelte. Tre førarar fekk også bot for ikkje å ha med seg førarkort eller vognkort, og det kosta dei 500 kroner per dokument dei mangla. Ein førar vart meldt for ikkje å ha sikra ein passasjer under 15 år tilstrekkeleg.

– Det er nok ikkje alle som er klar over det, men har du personar under 15 år med deg i bilen skal dei sikrast forsvarleg, og det er føraren sitt ansvar. Born under tre år skal heller ikkje sitja usikra i bil. Dersom du er usikker på kva reglar som gjeld for bilbelte og barnesete kan du gå inn på Statens vegvesen og lesa om dei der, fortel Geir Sverre Andreassen i Statens vegvesen.

Han anbefaler alle å gjera seg kjent med desse reglane. Viss ikkje kan du risikera å bli meldt og få eit forenkla førelegg på 2.000 kroner og prikkar i førarkortet.



På forsiden nå


...

Kan bli «Årets unge entreprenør»

Nyhende Administrerande Direktør i Noreq, Styrk Bekkenes, kan bli kåra til «Årets unge entreprenør». Les meir

...

Uaktsam køyring

Nyhende Politiet er på jakt etter vitne som kan ha sett ein bil køyra uaktsamt på Stripo på Husnes ved 12.00-tida torsdag. Les meir

...

Gladmelding om ungdomssenteret

Nyhende Onsdag førre veke vedtok formannskapet å setja av 500.000 kroner til gjenopning og innreiing av nye lokale i Kvinnherad Ungdomssenter. Les meir

...

Uhell på uhell

Nyhende Det er ikkje berre berre når vegar i distrikta skal asfalterast! Les meir

Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.