Den nye elbilen til Posten har ein litt uvanleg utsjånad. Helga Tveito (t.v.) fekk fredag testa den ut på Husnes. Foto: Mona Grønningen

Ny elbil

Posten på Husnes har fått ein ny, liten «eljeep».
Mona Grønningen E-post
Publisert 09.09.2012 kl 10:41 Oppdatert 09.09.2012 kl 10:41

Tips ein venn på e-post:



Fredag fekk tilsett Helga Tveito testa ut den nye bilen då ho køyrde post på Husnes.

– Den er god å køyra, og har morosam utsjånad. Eg kjem nok til å bli lagt merke til i denne! Det blir spennande å sjå korleis den fungerer i den daglege ruta, seier ho.

Som ein del av Posten Norge si miljøsatsing for å redusera CO2-utsleppa sine med 30 prosent innan 2015, fyller dei no på med 125 nye firhjulingar til distribusjon av nærpost. Det var den spanske elbilprodusenten Comarth som vann bodrunden. Bilen er batteridriven og blir lada opp om natta. Den har plastdører og ekstra breie dekk for lett framkomst. Elbilen er registrert som firehjuls elektrisk motorsykkel som krev bilførarkort, men den skal ikkje køyra i stortrafikken.

– Bilen har toppfart på 45 kilometer i timen, og til småvegane på Husnes passar den ypparleg, seier Tveito, som gler seg over eit nytt tilskot i bilparken.

På forsiden nå


...

Ung peparkakearkitekt

Skal vi dømma ut frå desse vakre peparkakebygga av Taj Mahal og Eiffeltårnet, bør kanskje Vegar Heimstad (14) vurdera arkitektyrket i framtida?

...

Dagens bilde

Dagens bilde av vinterstemning på Nordfjell er teke av Emilie Kaldestad Ersland.

...

Kor er dette?

Prøv deg i ein ny runde i «Kor er dette?»-konkurransen!

...

Det vert innført eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok i dag å innføra eigedomsskatt.