Laber butikkinteresse

<p> www.kvinnheringen.no: Så langt er det ingen som har vist interesse for å ta over daglegvarebutikken i Herøysundet. </p>

Ove Myklebust fortel at det så langt ikkje har vore interesse for butikken hans, som stenger i slutten av april.

Ove Myklebust fortel at det så langt ikkje har vore interesse for butikken hans, som stenger i slutten av april.

DEL

Det er nok ingen som har sagt noko om at dei ønskjer å leiga eller kjøpa butikken, seier handelsmann Ove Myklebust.

Det var for eit par veker sidan at Myklebust sa han ville gje seg som butikkmann i Herøysundet, og vurderte å selja eller leiga ut butikken.

men å driva matbutikk i Herøysundet ser det ikkje ut til at så mange er lystne på.

– Nei akkurat no ser det litt svart ut, seier Myklebust.

Han seier at han veka etter påske vil starta sluttsal, og stenga butikken i slutten av april.

– Det er mange som har kommentert og sagt det er trist om butikken forsvinn, seier Myklebust.

Artikkeltags