Framleis NM-håp for Trio-gutane

www.kvinnheringen.no: Søndag vann Trio sitt gutelag 2–1 over Vadmyra i kvalifiseringa til NM.

Publisert 02.02.2009 kl 14:32 Oppdatert 02.02.2009 kl 14:36

Tips ein venn på e-post:

...
Endre Eide tar utspark frå femmeteren. Foto: Thea Cecilie Engelsen

Trio–Vadmyra 2–1 (0–0)

  • Kvalifisering til NM gutar 16.
  • Trio: Kristoffer Vik, Aleksander Haugland, Erlend Jensen, Endre Eide, Kristoffer Flodsand, Rune Åsheim Mo, Espen Saghaug, Seyed Sadat, Eirik Vassvik, Roger B. Ekeland, Alkan Abdulla. Innbyttarar: Åsmund Voster, Martin Raaness, Ruben Rogne, Alexander Abrahamsen.
  • Mål for Trio: Seyed Sadat og Espen Saghaug.

Dermed har Trio to sigrar og eitt tap og framleis håp om å gå vidare frå kvalifiseringspulja og få vera med i NM-cupen. Skal Trio-gutane få det til, er det fleire ting som må klaffa. Først og fremst må Trio slå Odda på Kvednabekkjen kunstgrasbane førstkomande fredag. I tillegg kan målforskjellen bli avgjerande, og i så måte hadde Trio eit kjedeleg arbeidsuhell då laget i den første kvalifiseringskampen gjekk på eit 8–1-tap borte mot Øygard.

Fortent siger

Ifølgje trenar Håkon Ekeland var sigeren mot Vadmyra fullt fortent. Rett nok tok gjestene føringa 10 minutt ut i andre omgang – og det like etter at dei fekk ein spelar utvist – men Trio slo tilbake.

– Me hadde i grunnen god kontroll på heile kampen. Laget jobba svært godt defensivt, og Vadmyra hadde ikkje mange sjansar utanom skåringa, seier Ekeland.

Trio si ulikning kom etter at Roger Ekeland kom til innlegg og Seyed Sadat sette ballen i mål. Roger Ekeland skaffa òg Trio eit straffespark, då Vadmyra måtte ty til ulovlege midlar. Espen Saghaug sette inn straffesparket.

Tabellen for pulja finn du her.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.