Pedersen vann KM

www.kvinnheringen.no: Det vart ein duell mellom to fotballspelarar, då Kvinnherad sin beste skiløpar skulle kårast.

Publisert 14.03.2009 kl 16:02 Oppdatert 16.03.2009 kl 11:33

Tips ein venn på e-post:

...
Håvard Pedersen og toar Johannes Hjelmeland speidar etter konkurrentane. Foto: Arne Lindeflaten
...
Det var hard konkurranse. Her frå fellesstarten der Sindre Omvik fører an framfor Ole Martin Mehl og Sara Hjelmeland Arnesen. Foto: Arne Lindeflaten

KM på ski

...

Rundt 100 deltakarar stilte til start i årets kvinnheradsmeisterskap som vart arrangert i Fjellhaugen på laurdag. Strålande sol og flott skiføre gjorde forholda perfekte. Og best av alle var Håvard Pedersen frå Ternen. Han avgjorde duellen med Johannes Hjelmeland etter berre ein kilometer av den 10 kilometer lange løypa.

– Eg følte at Håvard hadde eit litt høgare gir enn meg. I frykt for å stivna på andre runden måtte eg berre sleppa han etter ein kilometer, seier Johannes Hjelmeland som vart toar i rennet.

I fjor spelte dei to fotball saman på Trio, denne sesongen er Johannes tilbake i Rosendal.

Håvard Pedersen brukte i overkant av 29 minuttar på den to ganger fem kilometer lange løypa. Han vann til slutt ein suveren siger, men hevdar at det ikkje skuldast hardtrening på ski den siste tida.

– Nei det gjer det ikkje. Men det er rart med det, når startnummeret kjem på brystet vaknar instinktet. Eg er litt overraska over at det ikkje var fleire som hang på, seier den ferske kvinnheradsmeisteren på ski.

Les fyldig KM-omtale i måndagsavisa.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.