...
Kristin Storhaug (t.v.) og Marianne Prestnes Ersland, klare for tur. Foto: Jonn Karl Sætre

Blide fjes på Opptur

www.kvinnheringen.no: I dag går 180 åttandeklassingar til Nordefjell (559 moh.) ovanfor Valen.

Publisert 06.05.2009 kl 11:48 Oppdatert 07.05.2009 kl 09:39

Tips ein venn på e-post:

Opptur 2009

...

– Me satsar på å gå til Varhaugselet, smiler venninnene Kristin Storhaug og Marianne Prestnes Ersland, begge frå Sandvoll.

Utgangspunktet for turen var ved Valen sjukehus sitt velferdsbygg. Returen ned til same stad går via Olderbotnen, og i 13.30-tida blir elevane henta med bussar. Turen starta med utdeling av turkort, vassflaske og panneband. Vel nede igjen, vil innlevering av tomflaska gi ytterlegare premiering.

Med unnatak av åttandeklassingane på Hatlestrand, går alle Kvinnherads-elevane på dette trinnet tur i føremiddag. Det vil seia åttandeklassingar frå ungdomsskulane Øyatun, Husnes, Rosendal og Åkra. Målet er Nordefjell, men dei sprekaste går til Varhaugselet. Regien er det Kvinnherad Turlag som står for.

– Opptur er landsomfattande og i alt er det 23.000 fjortenåringar til fjells i dag. Det er tredje gongen Opptur blir arrangert i Kvinnherad, smiler Anne Kari Enes.

Ho er ein av i alt sju frivillige turlagsfolk som har hand om årets Kvinnherad-Opptur.

– Det er kjekt å nå alle i eitt alderstrinn på denne måten, legg ho til.

Det er turlaga sin paraplyorganisasjon, Den Norske Turistforening, som er initiativtakar for den årlege oppturen for åttandeklassingane. Målet er å få fleire ungdommar til å oppleva gleda ved friluftslivet, samt by på ein dag med fysisk aktivitet.

Turlaget sitt bildegalleri frå turen finn du her.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.