www.kvinnheringen.no: Ein solid dose høgt press og hard jobbing i første omgang, gjorde susen for Trio i G16-kampen mot Arna-Bjørnar. Dermed blir det truleg elitedivisjon-spel i haust.
Gjestene starta friskt med fin fotball dei første fem minutta, men så tok Trio tak i kampen og sette inn eit avgjerande rykk. Høgt press, høgt tempo og kraft i duellane gav raskt ei tomålsleiing. Det første målet kom etter at Espen Tufta Saghaug dribla av det som var på høgrekanten, før han la inn til Seyed Sadat som ekspederte ballen i mål.
2–0 kom etter at Trio vann fleire duellar på venstresida, noko som gav Rune Mo sjansen til ein frekt langskot frå skrått hald.
Resten av omgangen kontrollerte heimelaget greitt, og leiinga kunne lett blitt større. Fine kombinasjonar og gode løp førte til fleire Trio-sjansar.
Andre omgang heldt langt dårlegare kvalitet enn første, men eit nydeleg angrep sikra Trio det viktige 3–0-målet tidleg i omgangen. Eit flott gjennomspel til Seyed Sadat vart formidla like vakkert ut til Alexander Haugland på venstrekanten. Han la perfekt inn til Espen Tufta Saghaug som sette ballen lekkert forbi ein utrusande keeper.
Resten av kampen var prega av at kruttet i stor grad vart svidd av i første omgang. Roger Blokhus Ekeland vart spelt fint gjennom i det 64. minuttet og auka leiinga til 4–0. Arna-Bjørnar hadde sjansar til å korta meir ned på leiinga enn dei klarte, men heimelaget hadde i all hovudsak god kontroll.
Opprykk
Systemet er slik at dei to beste laga etter vårsesongen rykkjer opp til G16 sin elitedivisjon. Etter sigeren mot Arna-Bjørnar, har Trio to kampar att og svært gode sjansar for å klara opprykk.
Tabell og resultat her.