www.kvinnheringen.no: Oppgjeret mellom Halsnøy og Rubbestadneset/Bremnes vart aldri nokon god, gamal klassikar.
Bortelaget kom til Halsnøy med ti mann, og utover kampen viste det seg å bli for tøft for bømlingane. Den første timen er ikkje mykje å skrive heim om. Det florerte med feilpasningar, tempoet var labert og mange feil val av begge laga. Framom måla skjedde det fint lite, bortsett frå gjestene si scoring – eit skot frå 30 meter etter 12 minutt. 0–1 var òg pauseresultatet.
Etter vel 60 minutt av kampen vakna heimelaget og veteranane Atle Eide, Arnljot Hvidevold og Svein Helge Eide. Atle Eide (41) sende eit flott frispark inn i feltet, og på eit fint løp mot bakerste stolpe kom Arnljot Eide og stupheada inn utlikninga. Eit flott mål!
Fire minutt seinare spelar ungfolen Fredrik Berntsen vegg med Svein Helge Eide. Fredrik kjem åleine med keeper og skårar eit vakkert mål for Halsnøy. Like etter redda Ingvar heimelaget på et frispark frå Rubb/Bremnes frå 20 meter.
Gjestene fekk elles ein spelar skada og måtta fullføra kampen med ni spelarar. Naturleg nok hadde Halsnøy fullstendig kontroll dei siste 15 minutta, og ti minutt før slutt sende Atle Eide av garde eit godt frispark som keeper måtte gje retur på. Kim Laitinen var frampå og sette returen i mål, men det lukta litt offside. Like før slutt fastsette Ingvald Johnsen resultaet til 4–1.
Det var ingen god kamp frå nokon av laga, men den siste halvtimen av andre omgangen retta opp inntrykket av kampen. Med 4–1 tok Halsnøy sin andre siger på rad og får eit godt pusterom frå nedrykksplassen.
Tabell og resultat finn du her.
Tekst/foto: Even Røen.