www.kvinnheringen.no: Trio låg under 1–2 med to spelarar utvist, men klarte å utlikna og var nær ved å slå Løv-Ham II måndag kveld.
Dommar Finn Ingvar Havnerås (Fitjar) kom i søkjelyset ved å dela ut ein heil kortstokk av gule og raude kort til Trio-spelarane. To utvisingar prega naturleg nok kampen, og Trio skal ha ros for å jobba seg til eitt poeng etter å ha lege under.
Det starta med godt Trio-spel og ein Roger Røssland i «goalaget». Han fekk gode pasningar og køyrde rundt med eit heller svakt Løv-Ham-forsvar. Etter ti minutt fekk Røssland eit vakkert gjennomspel frå Trond Inge Haugland. Røssland kvitterte med å fossa gjennom på venstre kant av 16-meteren og overlista Løv-Ham-målvakta elegant.
Men det som såg ut til å vera grei Trio-skuring i botnoppgjeret mot Løv-Ham, fekk ei anna vending då Aleksander Ekeland vart utvist etter berre femten minutt. Dommaren meinte at Ekeland, som siste forsvarar, klipte ned ein Løv-Ham-angripar.
– Eg var ikkje borti – han hoppa over foten min før han fall, sa ein synleg irritert Ekeland etter å ha måtta gå av banen.
Det skjedde ikkje utan høglydt melding til dommaren, og det kan bli spennande å sjå kor mange kampar Ekeland får i straff.
I nokre minuttar heldt Trio fram som før og kunne ha auka leiiinga, men utover i omgangen fall laget bakpå og det vart for tynt framover. Det gjekk som det måtte gå, og like før pause utlikna gjestene.
Andre omgang starta med nokre gode Trio-sjansar og bra press, før gjestene nytta sjansen til å kontra inn 1–2-leiing.
Like etter kokte det litt over for Fridrik R. Agustsson etter eit par tøffe duellar, og han drog på seg sitt andre gule kort for kvelden.
Trio-trenar Agust Hauksson la om til noko som til tider likna eit 6-2-system med dristig offside-taktikk og lange framspel til dei to spissane. Taktikken fungerte og gav løn for strevet i det 64. minutt: 16-åringen Espen Tufta Saghaug, som debuterte på heimebane, hadde akkurat kome på banen og kjempa fram eit innkast. I neste trekk klarte Ronny Hamre å få til eit godt innlegg til ein stadig hardtjobbande Roger Røssland som overlista keeper på andre forsøk.
Røssland spelte bokstaveleg tala til krampen tok han, og han var fleire gonger nær ved å gi Trio eit sigersmål. Sjølv med ni mann, var det faktisk heimelaget som hadde flest sjansar til å ta sigeren.
– Eg trur me hadde slått dei med 11 mann, sa Trio-trenar Agust Hauksson like etter at kampen var slutt.
Hauksson rosar spelarane for innsatsen, men kvir seg litt til spelarkabalen etter sommarferien. Jumboplassering, tre karantenar, og eit par spelarar som reiser vekk til hausten, gjer ikkje starten på haustsesongen heilt enkel.
Tabell og resultat finn du her.