www.kvinnheringen.no: Først då løpet såg ut til å vera kjørt, sleppte Rosendal seg laus og skåra to mål i løpet av fire minutt – begge måla på overtid.
Med 2–1-siger over Bremnes fredag kveld, er det framleis håp med tanke på å unngå nedrykk. Men dei svært viktige poenga sat langt inne.
I ein elles traurig kamp, prega av pusling framfor begge mål og mange feilpasningar, var det Bremnes som hadde flest sjansar og mest spel. Rosendal-målvakt Frank Mehl varta opp med tre svært gode redningar, og heldt heimelaget inne i kampen. Rosendal var faktisk frampå nokre gonger, og demonstrerte at også heimelaget kunne vera ineffektive framom mål.
Eit knippe publikummarar heldt likevel ut i gråvêret, og frå det 88. minutt og til dommaren blåste av kampen, seks minutt på overtid, var det topp underhaldning. Bremnes-målet kom rett nok etter svakt forsvarsspel frå heimelaget si side, men Rosendal si opphenting var verdt å venta på.
Trenar Ivar B. Arnesen gjorde sitt luraste trekk for kvelden, og sette seg sjølv innpå heilt på tampen av kampen. I grunnen var det berre flaks at han framleis var tilgjengeleg på benken, for det var så vidt han ikkje snakka på seg ei utvising i rolla som kranglevoren trenar i første omgang.
Men med måltjuv-hatten på gjorde Arnesen suksess, og vel ferdig med ordinær tid, var Rosendal også ferdig med det ordinære spelet og serverte to strålande prestasjonar: Arnesen hadde ikkje vore lenge på banen, før Rosendal fekk frispark frå rundt 24 meter. Det sette ringreven rett i mål, og dermed stod det 1–1, eitt minutt på overtid.
Rosendal ville ha fleire poeng, og trass i at Jan Evald Såtendal snakka på seg eit raudt kort, gav ikkje heimelaget opp. Berre fire minutt etter utlikninga kom dagens flottaste angrep, og den prestasjonen er det Kenneth Gjuvsland som skal ha mesteparten av æra for. Han fekk ein vanskeleg ball på venstrekanten, men snurra lekkert rundt med ein Bremnes-forsvarar, fossa ned mot daudlina og fekk lagt inn eit kanon-innlegg som kom overraskande på resten av Bremnes-forsvaret. Såpass overraskande at Yngve Enes fekk god tid på seg til breisida inn eit godt plassert skot som Bremnes-målvakta ikkje hadde sjanse til å ta.
– Me la om til tre på topp og klarte å snu ein elles dårleg kamp, sa ein nøgd Arnesen like etter at kampen var slutt.
Og dermed lever håpet for Rosendal. Tabell og resultat finn du her.