www.kvinnheringen.no: Sesongpremieren i Husneshallen laurdag ettermiddag vart ein svært underhaldande volleyballkamp.
Til slutt måtte Trio-damene gi tapt for Oslo Volley II i det avgjerande femtesettet. Men Trio viste i alle fall i to sett at laget kan spela godt 1. divisjonsspel. Settsifra fortel dessutan at heimelaget var godt med på notane også i første settet, og ut over i kampen markerte spelarar som Malin Håvik og Katarina Kucerkova seg med knallharde smashar.
– Me var periodevis litt for dårlege i mottak, noko som igjen fører at alle spelarane blir usikre og presterer deretter, kommenterer trenar Åge Vik.
Oslo Volley II sine spelarar heldt dessutan eit jamnare nivå, og laget hadde ein svært god oppleggjar.
God stemning
På plussida må eit entusiastisk publikum (nær 100) nemnast. Folk på tribunen laga eit herleg liv og støtta heimelaget entusiastisk. Her har andre Trio-publikum mykje å læra.
Tilbake fekk tilskodarane mange lange og gode ballvekslingar og ein kamp med høg underhaldningsverdi. Trass tap, fekk heimelaget stor og velfortent applaus ved kampslutt, og Trio-damene klappa tilbake.
I dag (søndag) er det på 'an igjen for Trio sine volleyballdamer – då er det Kristiansand som gjestar Husneshallen.