...
Debutant Amalie Fjell Helleland fyrer av eit skot. Foto: Jonn Karl Sætre

Surt tap for damene

www.kvinnheringen.no: Rosendal hadde 2–0-leiing tidleg i første omgang, men tapte til slutt 2–3 for Djerv. Dermed kvikna nedrykkspøkelset til igjen.

Publisert 27.09.2009 kl 19:10 Oppdatert 28.09.2009 kl 14:10

Tips ein venn på e-post:

Rosendal–Djerv

...

Rosendal–Djerv 2–3 (2–2)

  • 3. divisjon fotball, damer:
  • 13. min. 1–0 Line S. Holmedal
  • 16. min. 2–0 Line S. Holmedal
  • 36. min. 2–1
  • 37. min. 2–2
  • 88. min. 2–3
  • Rosendal: Ragnhild K. Løland, Trude Havnerås, Kristine E. Medhaug, Christine S. Fjelland, Anita Simensen, Line S. Holmedal, Elisabeth H. Eide, Gørill S. Eik, Anita Midtun, Ingebjørg Opheim, Tonje Skåla.
  • Inbyttarar: Anette Fausk, Hanne Larsen, Amalie Fjell Helleland.

– Det suraste tapet eg har opplevd, stønna Rosendal-trenar Tor Gundersen og sparka drikkeflasker då siste fløytesignal lydde over kunstgrasbanen i Rosendal.

Berre eit par minuttar før putta Djerv inn sigersmålet etter at trøytte Rosendal-bein etter kvart hadde fått problem med å hengja med i svingane.

Noko av det som sat i beina var nok laurdagens hengekamp mot Odda, der Rosendal kapra eit viktig poeng med 1–1-resultat. Også i kampen mot Djerv såg det lenge ut til å bli poengdeling, etter at det stod 2–2 til pause, og nesten heilt til kampslutt.

Tok leiinga

Mot normalt starta Rosendal sterkast og leia 2–0 etter berre 16 minuttar. Line Steffensen Holmedal stod for begge skåringane, men gjestene utlikna i det 36. (frispark) og 37. minutt då heimelaget i ein periode var i overkant gjestfrie. Jentelagsspelar Amalie Fjell Helleland debuterte for a-laget då ho kom innpå i slutten av kampen. Ho gjorde ein god figur. Like etter den fatale 2–3–skåringa til Djerv, fyrte Amalie av eit godt skot, men Djerv-målvakta klarte å avverga.

Laget som endar sist på tabellen rykkjer heilt sikkert ned. Ytterlegare nedrykk er avhenging av opp- og nedrykk til og frå 2. divisjon. Dersom Rosendal klarar å kara seg opp på nest siste plass, kan det altså vera håp om kvalifiseringsspel. (Sjå krinsen sin info om dette her.) Dei to siste rundane blir dermed svært så nervepirrande. Neste kamp er borte mot NBK/Eikanger/Kvernbit – siste kamp er heime mot jumbo-kollega Os!

Tabell og resultat finn du her.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.