32 deltok i Borgundnuten opp

www.kvinnheringen.no: På høveleg vis ordna det seg med godvêr då øyfolket arrangerte Borgundnuten opp laurdag.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 12.10.2009 kl 11:10 Oppdatert 14.10.2009 kl 10:52

Tips ein venn på e-post:

...
Emma Bjellebø (3 år) har det veldig bra på ryggen til mammo. Foto: Gro Bjellebø

Borgundnuten opp

...

32 deltok – 29 fullførte. Nokre halsa opp så fort dei kunne – andre tok seg god tid og nytte finvêret.

– Ho som tok seg best tid gjekk i fotside kjole – her var det også prisar for kreativ deltaking, fortel Karianne Strand i arrangørkomiteen til Fjelberg bygdelag.

Firkløveret som bokstaveleg tala gjekk til topps i sine klassar, var alle frå Stord, og på toppen (!) av det heile var det eit sambuarpar som vann herre- og dameklassen: Stian Lande og Anja Borgenvik.

I klasse 0–9 år vann Simen Lande, medan 10–15 års-klassen vart vunnen av Fredrik Heimro.

– Dei fire var på toppen etter 20–25 minutt. At ni år gamle Stian Lande berre var nokre minutt etter bestetida var svært imponerande, seier Karianne Strand.

Etter fjelløpet var det tid for «Afternuten» på skuleplassen ved Brekke oppvekstsenter. Rundt 40–50 var innom dette arrangementet som mellom anna hadde konebering på programmet.

– Dei som vann var det einaste deltakande paret som elles ikkje er par; Roald Solheim og Gro Bjellbø, humrar Karianne.

Seinare på kvelden var det tid for den årlege haustfesten i bygdahuset. Vel førti personar slutta opp om festen der hjortegryte og dansemusikk ved «New Deal» stod på programmet.

Om nyskapinga Borgundnuten opp blir eit årleg arrangement er det ikkje tatt stilling til enno:

– Dette var første gongen vi arrangerte Borgundnuten opp. Arrangementet gjekk i pluss og vi er takksame for god hjelp frå samarbeidspartnarane våre. Så vil det visa seg kva vi finn på neste år, seier Karianne Strand.

Klasse 0–9 år

Simen Lande (23 minutt)

Jørgen Lande

Ole Morten Sæbø

Mari Lande

Matilde Fosse

Celina Ludvigsen Bjellebø

Emma Ludvigsen Bjellebø

Thea Madeleine Hillestad Brekke

Julie Lande

Celine Anette Maridal

Andrea Sofie Maridal Nordhus

Klasse 10–15 år

1. Fredrik Heimro, 22 min

2. Kristian Fosse, 27 min

3. Jan Robin Sæbø, 29 min

3. Espen Forså, 29 min

5. Mike Sander Hillestad Brekke, 32 min

6. Maren Sæbø, 34 min

6. Julie Martina Hillestad Brekke, 34 min

8. Sindre Fosse, 36 min

Klasse damer 16+

1. Anja Borgenvik, 39 min

2. Gro Ludvigsen Bjellebø, 46 min

3. Liv Iren Hillestad Brekke, 49 min

4. Monica Fosse, 50 min

5. Lindy Lande, 1t 2 min

Klasse herrar 16+

1. Stian Lande, 21 min

2. Agnar Lande, 23 min

3. Inge Nordhus, 28 min

4. Kjell Egil Sæbø, 38 min

Premiar: Gåvekort på 500 kroner til vinnarane i kvar klasse.

Resultatliste konebering, vaksne:

1. Roald Solheim og Gro Ludvigsen Bjellebø, 18 sek

2. Lene og Kjell Egil Sæbø, 19 sek

3. Lindy og Agnar Lande, 20 sek

4. Karianne og Trond Vegard Strand, 21 sek

5. Liv Iren og Øystein Brekke, 22 sek

Premie: 3 rettars middag på Stord hotell.

Konebering, born:

1. Emelie og Elise, 25 sek

2. Celine og Mike Sander, 30 sek

3. Thea Madeleine og Emma

Premie: Sjokolademedalje

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.