...
Kampen er over og triojentene feirar at puljesiger KM-sluttspel er eit faktum. Foto: Jonn Karl Sætre

Triojenter feira puljesiger

www.kvinnheringen.no: Trio jenter 14 sin målfest starta etter berre eit halvt minutt. 15–0 over Bremnes vart ein maktdemonstrasjon og Trio-jentene er no klare for KM-sluttspel.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 28.10.2009 kl 11:34 Oppdatert 28.10.2009 kl 15:09

Tips ein venn på e-post:

Klar for KM

...

J14: Trio–Bremnes 15–0 (9–0)

  • TRIO: Tamiris Eldi, Stine Olderkjær Haktorson, Lisa Røssland, Karen Oline Holmedal, Ingrid Rørdal Sjo, Hilde Jensen Birkeland, Emilie Kaldestad Ersland, Tina Abdulla, Amalie Djuvstad, Helga L. Grønstøl, Siri Svellingen Skogseth.
  • Innbyttarar: Veronika Gilstad Onarheim, Maja Sætre Sollien, Tonje Olsen Haga, Lisbeth Tofte, Bettina Blom, Gabriella Borgen.
  • Mål for Trio: Helga Grønstøl (8), Emilie Kaldestad Ersland (3), Siri Svellingen Skogset (2), Amalie Djuvstad (1), Tina Abdulla (1).
  • Kjelde: www.il-trio.no

Trio sitt jenter 14-lag måtte vinna kampen mot Bremnes tysdag kveld, dersom laget skulle dra puljesigeren i land. Og 15–0 må seiast å vera ein svært så overtydande måte å gjera det på. Kaptein Helga Grønstøl starta festen med å setja inn det første målet, vidare presterte ho å laga ekte hattrick i begge omgangane og enda til slutt opp med åtte mål!

Bremnes hadde ein svært dyktig målvakt. Utan hennar innsats kunne det lett blitt dobbelt så mange mål.

Trio-jentene hadde full kontroll og sleppte ikkje Bremnes til i det heile. Angrep på angrep vart rulla opp på lekkert vis, og dei relativt få gongene gjestene prøvde seg, vart dei kontant avvist.

Kaptein Helga Grønstøl var naturleg nok nøgd etter kampen:

– Ja, lagvenninnene mine var veldig flinke, smiler Helga, men må vedgå at Bremnes-målvakta til tider var irriterande god.

No ser ho fram til kampen om krinsmeisterskapet. Etter Hordaland fotballkrins sitt oppsett, blir det semifinale mot Kalandseid/Søfteland alt laurdag. I den andre semifinalen møtest Øystese og Erdal, og helga etter er det finale.

IL Trio sine heimesider finn du meir om kampen.

Tabell og resultat finn du her.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.