www.kvinnheringen.no: Det var reine påskestemninga då Husnes ungdomsskule brukte halve skuledagen på isen onsdag ettermiddag.
Solskin og plussgrader fortrengde den strenge kulden me har hatt i det siste. Dermed trefte ungdomsskulen blink med tidspunktet.
I tillegg til å gå på skeiser, kunne elevane òg velja å gå i skiløypene på golfbanen. Eit titals elevar stilte med skiutstyr, men dei aller fleste valde å bruka timane på ulike isaktivitetar. Svært mange gjekk på skeiser og fekk truleg kjenning med musklar dei ikkje visste dei hadde. Andre aktivitetar var curling, litt ishockey og moro med den gode, gamle sparkstøttingen.
Ved parken hadde skulen rigga til bål på stativ, slik at det ordna seg med både andre- og tredjegradsforbrenning i pølseavdelinga. På avstand såg det ut som ei maurtue – på nært hald dominerte smilande fjes. Så var det òg ein uvanleg flott dag på isen.