Tirsdag kveld arrangerte Herøysund Idrettslag aktivitetsdag på den nylaga isen ved Bringedalsbygda skule. Herøysundingane fekk endelig børsta støv av gamle skeiser. Det var eit yrande liv på isen til langt på kveld. Til kvelds vart det servert nygrilla pølser og marshmellows! Over 100 personar fann vegen til skulen denne kvelden, idrettslaget sette stor pris på at så mange møtte opp på kort varsel. Frøydis N. Mathisen, HIL.
Foto: Gunnhild Nilsen Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.