...
Her blir det fundert over eitt av spørsmåla. Foto: Jonn Karl Sætre

Søndagstur i quiz-løype

www.kvinnheringen.no: Over 100 deltok under familiedagen på golfbanen søndag ettermiddag.

Jonn Karl Sætre E-post
Arne Lindeflaten E-post
Publisert 17.01.2010 kl 16:49 Oppdatert 17.01.2010 kl 17:04

Tips ein venn på e-post:

Familiedag

...

I fjor spaserte deltakarane på tørr mark gjennom den fire kilometer lange løypa. I dag gjekk turen på ski.

– Det er litt bakglatte ski, men det går greitt. Det har vore ein flott tur. Desse løypene er jo perfekte for borna, vi kan ikkje få det betre. No slepp vi å kava oss til fjells for å finna fine løyper, seier Liv Vigdis Agledal frå Sunde.

Saman med resten av familien hadde ho lagt turen til golfbanen og familiedagen.

Men ho var slett ikkje åleine. Ut over dagen og ettermiddagen strøymde det til mange store og små som ville nytta denne milde vinterdagen til ein skitur.

Det var for eit par veker sidan medlemene av golfklubben såg at det vart uråd å svinga kølla på banen. Då vart det bestemt at heile golfbanen vart lagt om til ein skiarena.

– Det har vore ein kjempesuksess. Det er veldig mange som har nytta løypene dei siste vekene, seier Håkan Björk i Kvinnherad golfklubb.

Langs løypa var det lagt inn postar, der deltakarane skulle svara på ulike spørsmål.

– Dette er berre kjempemoro, men eg er ikkje så god på desse spørsmåla. Det kjekkaste er å sjå at mamma ramlar heile tida, skrattar 10 år gamle Janniche Olsen.

– Dette skal vera moro for folk. Det er viktig at golfanlegget kan bli eit fleirbruksanlegg, seier Håkan Björk i golfklubben.

Han er godt nøgd med oppslutnaden til arrangementet. Overskotet frå familiedagen går til Husnestunet.

Fine premiar

Kvinnherad Golfklubb, Husnes Båtlag og Bedriftsidrettslaget Søral stod bak det flotte arrangementet, og kunne på toppen av det heile by på fine premiar til dei seks laga med flest poeng. Glas, fruktkorger og ei kake utgjorde premiebordet, og her er vinnarane:

12 (av 12) rette: Leidulv Aksnes m. fl. og Ida Prestnes m.fl.

11 rette: Familien Kvamme, Joakim Askeland m. fl., Jannike Aksnes m. fl. og familien Arne Handeland.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.