Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
Isbanevideo

Har løyve til isbanekøyring

www.kvinnheringen.no: Pitstop-gjengen har fått løyve frå kommunen til å driva treningskøyring på eit avgrensa område på Opsangervatnet, nær Teigen.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 04.02.2010 kl 12:56 Oppdatert 04.02.2010 kl 21:08

Tips ein venn på e-post:

Isbanekøyring i Teigen

...

Formelt er det Husnes Pitstop-service og Ronny Teigen som har fått løyvet. Teigen har i tillegg med seg bror sin og tre blad Thorsen – alle sentrale i «Gutta på Rudskogen» som var vignetten for ein reportasje i Kvinnheringen i fjor.

Ronny Teigen er sjølv grunneigar i aktuelle området rundt Skarholmane i Teigen. Der har bilentusiastane rydda ein rundbane på om lag 800 meter med seks meters breidde. Seinast onsdag kveld rydda dei snø i 3–4 timar. I bane-området har Pitstop-gjengen målt isen til å vera mellom 42–47 centimeter, men det er altså kun i dette området dei har målt. Det finst framleis einskilde stader på Opsangervatnet med utrygg is.

– Det litt frosen issørpe på toppen, men hardare is nedover, fortel Teigen.

Organisert

– Køyringa må skje i trygge former og me må difor vera 5–6 personar for å kunna overvaka heile banen. Men sjølv om me har eit opplegg rundt køyringa, må kvar einskild sjåfør ta ansvar både for køyring og eventuelle skader på bil, seier Ronny Teigen.

Løyvet frå kommunen avgrensar køyringa til klokka 20 om kvelden, og det er ikkje lov å køyra om søndagar.

– Bilane som blir brukte må vera registrerte og i godkjent stand, ikkje minst med tanke på støy, understrekar Teigen.

Det er på ingen måte fritt fram – all køyring må skje etter avtale med Ronny Teigen. Skulle nokon ta seg til rette, kan det spolera heile løyvet.

– Vi køyrer maksimalt to bilar i slengen, og dei må halda avstand. Det er ikkje tale om duell-køyring. Eventuell kappestrid handlar om bestetid, seier Teigen.

Hovudføremålet er treningskøyring for miljøet av bilinteresserte.

– Me får testa bilar og dekk. Nokre av bilane har rallypiggar, noko som er ei aha-oppleving samanlikna med piggfrie dekk, fortel Teigen.

Han er takksam for den positive responsen hos rådmann Trond Sætereng og lensmann Sigurd Børve.

– Det er eit bra tiltak no når vi har denne uvanlege vinteren. Slik køyring gir god trening – også politiet har drive med køyretrening på islagte vatn, kommenterer Børve.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.