...
Marianne Øvstebø dunka inn 10 mål i kampen mot Bergen håndballklubb.

Langt steg mot opprykk

www.kvinnheringen.no: Kvinnherad Handballklubb vann 35–29 over Bergen Håndballklubb i eit oppgjer i Husneshallen i ettermiddag.

Publisert 07.02.2010 kl 16:43 Oppdatert 07.02.2010 kl 22:41

Tips ein venn på e-post:


Kvinnherad-jentene opna best. I fyrste del av fyrste omgang gjekk det meste etter læreboka for Kvinnherad. Måla trilla inn og forsvaret fungerte skikkeleg bra. Kvinnherad handballklubb kunne gå til pause med sjumålsleiing. Men bergensjentene hadde ikkje tenkt å gje opp. Dei beit seg fast og klarte og å hala innpå i siste del av kampen. Noko av grunnen var at Kvinnherad handballklubb i store deler av andre omgang måtte spela med ei og til tider to jenter på benken etter utvisingar.

Marianne Øvstebø toppa scoringslista med 10 mål, tett følgd av Birgitte H. Johansen med ni og Kine Brix Strand med åtte.

– Me byrja veldig bra, men datt litt nedpå mot slutten. Eg følte likevel at me hadde kontrollen, oppsummerer trenar Arne Lindeflaten.

Med siger over Bergen Håndballklubb tok Kvinnherad Handballklubb eit langt steg mot opprykk.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.