...
Flotte snøtilhøve på Midthølen gjer det mogleg å avvikle skifeltskyting førstkomande laurdag. (Pressefoto).

Skifeltskyting på Midthølen

www.kvinnheringen.no: Laurdag inviterer Omvikdalen skyttarlag til ope lagsmeisterskap i skifeltskyting på Midthølen.

Publisert 03.03.2010 kl 07:00 Oppdatert 03.03.2010 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:


Det er nærare ti år sidan sist det vart arrangert skifeltskyting på Midthølen, men dei store snømengdene har no gjort det mogleg å avvikla meisterskap, melder Omvikdalen skyttarlag. Det skal skytast to seriar med seks skot på feltfigurar på 100 meter for rekrutteringsklassar og veteran. Senior kvinner og menn skyt på to hald, eitt på om lag 100 meter og eitt litt lenger unna. For å gjera det enkelt, ligg geværet på standplass. Deltakarane går på ski i klassisk stil og skal ikkje bera med seg geværet. Ein får tilleggsminutt for bom. All skyting er liggjande. Dersom det er nokn som gjerne vil vera med, men ikkje har tilgang til gevær, så kan dei få låna eit ferdig innskote lagsvåpen finkaliber.

Flotte solbriller i premie til alle deltakarar. Påmelding ved start. Styret i Omvikdalen skyttarlag vonar at fleire unge og vaksne vil ta turen til Midthølen laurdag og delta på noko som er litt utanom det vanlege skyteprogrammet.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.