...

Vann mot Stord

www.kvinnheringen.no: Trio volleyball slo tysdag kveld Stord heime i Husneshallen.

Thea Cecilie Engelsen E-post
Publisert 17.03.2010 kl 11:39 Oppdatert 17.03.2010 kl 12:04

Tips ein venn på e-post:


Kampen enda 3–0 til heimelaget som ligg på topp av andredivisjonstabellen. Settsifra var 25–17, 25–16 og 25–23.

Stord som ligg på nedre del av tabellen, måtte reisa heim utan poeng etter lokaloppgjeret.

– Me har hatt tøffare motstandarar i Husneshallen i år, uttalte ein nøgd Eirik Sævareid.

Med berre tre kampar igjen av sesongen, der alle blir spelt på bortebane komande helg, byrjar seriesigeren å nærma seg.

– Vinn me to kampar til skal me vera sikra siger. Rossvoll er den største trusselen, fortel Sævareid.

Laurdag spelar Trio mot Nyborg 3 og BSI 2 i Bergen. Søndag spelar Trio mot Austevoll. Vinn Trio sitt herrelag serien, må dei vurdera om dei ønskjer å rykkja opp i førstedivisjon neste sesong. Damelaget til Trio toppa andredivisjonsserien i fjor og har denne sesongen spelt i førstedivisjon. Damene har fått tøff motstand, men klarte å nå målet sitt om å halda på plassen i førstedivisjon.

– Dersom me vinn serien må me gå ein runde internt for å sjå om det er grunnlag for førstedivisjonsspel. Førstedivisjon stiller større krav til både spelarar og økonomi, fortel Sævareid.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.