www.kvinnheringen.no KHK møter Norønna heime i Husneshallen laurdag. Kampen startar klokka 16.30, ikkje 15.00, slik det stod i annonsa i Kvinnheringen.
Søndag møtest dei to same laga til ny dyst på Husnes. Men uansett utfallet av desse kampane vil Kvinnherad-damene rykka opp til tredjedivisjon i neste sesong.
Opprykket blir feira i Husneshallen søndag, med premieutdeling og gratis is til alle spelarane.