www.kvinnheringen.no: Etter to bortesigrar laurdag har Trio sitt herrelag vunne 2. divisjon Hordaland.
Nyborg 3–Trio 2–3
BSI 2–Trio 0–3
Trio sitt lag: Roger A. Nundal, Roar Benjaminson, Espen E. Nordbø, Åge Vik, Robert Haugland, Eirik Sævareid, Lars Erling Miljeteig, Vidar Eikeland og Tor Hveem.
Med dei to sigrane er Trio seriemeister i 2. divisjon alt før siste kampen borte mot Austevoll søndag 21. mars.
Spelande trenar Eirik Sævareid skriv på IL Trio si heimeside at laget leverte opp mot sesongbeste i kampen mot BSI. Les referata her.
Som Kvinnheringen tidlegare har skrive, må herrelaget no gå ein runde med seg sjølv og Trio si volleyballgruppe for å avgjera om laget vil prøva seg på kvalifiseringsspel for opprykk.
– Førstedivisjon stiller langt større krav til både spelarar og økonomi, uttala Sævareid til Kvinnheringen tidlegare i veka.