www.kvinnheringen.no: Heimelaget starta lovande, men så demonstrerte Sandviken dødeleg effektivitet.
Etter femten minutt kunne den lovande ungguten Sindre Omvik sendt heimelaget i føringa, men Sandviken-målvakta fekk ein neve på ballen. Tre minutt seinare starta Sandviken ei oppvising i lynangep. Til pause var stillinga 0–3 og løpet var kjørt. Dårleg samkjørt forsvarsspel frå heimelaget si side, gjorde det relativt lett for effektive Sandviken. Der heimelaget skusla vekk sjansane sine, var gjestene svært så kontante og treffsikre, særleg i første omgang. Tremålsskårar Andreas Flaa var heile tida farleg og i ein klasse for seg.
Rosendal skal ha ære for å gjera eit ærleg forsøk på koma på talefot med Sandviken i andre omgang. Men den taktikken opna for endå større opningar for bortelaget, og sluttsifra kunne lett blitt styggare enn 0–4.
Meir om kampen i Kvinnheringen si papirutgåve måndag.