www.kvinnheringen.no: Eit førtitals ski-ekstremistar inntok Rosendal i helga. Skifestivalen er truleg komen for å bli.
Det såg litt stygt ut, reint vêrmessig, laurdag morgon. Men dei i all hovudsak tilreisande topptur-entusiastane fekk ein flott dag i fjellet. 15–20 centimeter nysnø gjorde susen.
Ein av turguidane, Halvor Dannevig frå Breogfjell, var blant 26 skikøyrarar som gjekk til Geitedalstind og Ulvanåso i Uskedalen. Men også Rosendalsfjella fekk besøk: Tre grupper gjekk til Omnatind og to grupper valde Bjørndalstind.
– Det var bra med nysnøen, for under var det klink is, fortel Dannevig.
Ein viktig del av turen er å undersøka snøen for å vurdera rasfare.
– Då vi gjekk opp, var det litt laber stemning. Men 20 minutt før vi var på toppen, skein det opp og vi fekk ein fantastisk fin dag, oppsummerer Dannevig.
Topptur-ekstremistane kvir seg ikkje for å bera tungt skiutstyr storparten av dagen, for så å gjera unna skikøyringa i løpet av heller kort tid. Også søndag var skikøyrarane på tur. Då var vêret litt dårlegare, men heilt ok ifølgje Dannevig.
– Vi satsar på ein ny skifestival neste år, oppsummerer Dannevig.