www.kvinnheringen.no: Rosendal sitt herrelag hadde Ny-Kronborg på besøk Kristi Himmelfartsdag. Kampen enda 1–3.
Ny-Kronborg kom til Rosendal med tre poeng meir enn heimelaget. Med andre ord skulle det vera duka for ein jamn kamp. Det vart det òg i fyrste omgang. Begge laga hadde sine halvsjansar, men den største kom etter 20 minutt. Då vart Johannes Hjelmeland spelt fri av Frode Havnerås. Johannes kom litt skrått på mål, sette skotet forbi målvakta, men i stolpen og ut.
14 minutt seinare fekk Johannes sjansen igjen frå omtrent same posisjon, denne gongen gjorde han alt korrekt og sette ballen kontant i nota. Etter scoringa var det bortelaget som stod for sjansane, men ein god Frank Mehl heldt nullen til pause.
Andre omgang var så vidt starta då bortelaget kom på visitt i rosendalsforsvaret. Etter nokre dårlege klareringar hamna ballen bak Mehl og Ny-Kronborg utlikna til 1–1. Bortelaget tok meir og meir over spelet utover omgangen, men heimelaget fekk eit løft då Trond Inge Haugland fekk sin debut i midtforsvaret. Likevel var det klart for ny scoring for bortelaget i det 78. minutt. Ein Ny-Kronborg-spelar fekk stå heilt umarkert på hjørnespark og heada ballen i mål.
Heimelaget greidde ikkje å laga fleire mål. Kristoffer Rød var nærast i det 86. minutt, men skotet vart så vidt redda av målvakta.
Punktum for kampen vart sett i det 88. minutt då Ny-Kronborg fekk frispark omtrent på sekstenmeteren. Skotet gjekk over muren og i mål, og dermed enda kampen 3–1 til Ny-Kronborg.
Tabell og resultat finn du her.