www.kvinnheringen.no: Rosendal-damene byrja litt roleg i varmen, men slo om takta i andre omgang og vann til slutt 7–0 over Minde/Ny-Krohnborg.
Om førsteomgangen var litt puslete frå heimelaget si side, var ikkje Minde/Ny-Krohnborg nokon farleg motstandar. Dei få forsøka på angrep gjestene hadde å by på, stoppa stort sett opp på heimelaget sin sekstenmeter. Kristine E. Medhus og dei andre i Rosendal-forsvaret hadde få problem med å rydda opp.
1–0 kom etter ei flott heading frå Gøril S. Eik etter eit perfekt hjørnespark frå Elisabeth H. Eide. Målet var høgdepunktet i ein omgang prega av upresist spel frå begge lag. Først fem minutt før pause auka heimelaget til 2–0 då Marte Ingebretsen vart spelt gjennom og lurte ballen forbi målvakta.
I andre omgang var Rosendal langt friskare i duellane og oppspela var meir presise. Det gode spelet betalte seg ved at måla byrja å renna inn. Stort sett i form av gode gjennomspel i midten som anten Hildegunn Guddal eller Marte Ingebretsen lurte forbi ei etter kvart svimmel Minde-målvakt. Også Ingunn Uglehus var på mange gode løp, men denne dagen var ho ikkje heldig med avslutningane sine.
Til slutt var det Elisabeth H. Eide som fastsette sluttresultatet til 7–0 i siste speleminutt. Den femte strake sigeren var eit faktum og Rosendal toppar tabellen.
Laurdag 12. blir det tøffare motstand for Rosendal. Då er det duka for toppkamp borte mot tabelltoar Fyllingen.
Tabell og resultat finn du her.