...
Erlend Nymark Jensen la bak seg 3000 meter på heiderlege 9.44 under UM i Molde. (Arkivfoto)

Jensen på sjuande

www.kvinnheringen.no: – Eg får koma meg heim å trena, seier unge Erlend Nymark Jensen etter å ha sprunge med dei beste i landet.

Trude Aarsand E-post
Publisert 03.09.2010 kl 20:40 Oppdatert 03.09.2010 kl 22:51

Tips ein venn på e-post:


Erlend Nymark Jensen frå Trio vart nummer sju av ni på 3000 meter i Ungdomsmeisterskapen (UM) i friidrett i Molde fredag kveld. Det greidde han på tida 9.44, om lag eitt minutt bak vinnaren. Prestisjeløpet kvalifiserte han seg til med tida 9,34 under Sunnhordlandsmeisterskapen tidlegare i sommar, ein prestasjon som låg fire sekundar over kravet på 9.38 og som framleis er persen hans. Det er godt gjort, ikkje minst med tanke på at farten i Trio si friidrettsgruppa ikkje på langt nær er den same som før. Jensen hadde håpa på å setja ny pers i Molde, men slik gjekk det dessverre ikkje.

– Forma er god, og eg hadde satsa på å koma i mål på rundt 9.25. Eg skal ikkje klaga, men vedgår at eg er litt skuffa, seier løparen på telefon frå Molde.

– Kva gjekk gale?

– Kombinasjonen av lett forkjøling og fast dekke på banen. Når ein er vane med grusbanen på Husnes, blir det litt uvant med eit anna underlag, sjølv om det i Molde vert rekna for å vera betre enn vårt, seier Jensen.

UM i Molde er Jensen sin første meisterskap utanfor Sunnhordland, men neppe den siste.

– Det var kjekt å prøva seg i konkurranse med dei beste i landet, men eg må nok trena meir om eg skal klara å hevda meg.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.