...
Oppgjeret mellom Trio og Trott vart ein kamp på kniven for Roger Røssland og resten av laget.

Trio slo til igjen

www.kvinnheringen.no: Trott måtte gi tapt for eit kvast Trio-lag fredag kveld.

Trude Aarsand E-post
Publisert 03.09.2010 kl 21:32 Oppdatert 04.09.2010 kl 12:48

Tips ein venn på e-post:

Trio–Trott 2–1 (1–1)

  • 4. div. menn
  • 15 min: 1–0 Rune Å. Mo
  • 20 min: 1–1
  • 80 min: 2–1 Rolf Vidar Hansen
  • Trio: Inge Tungesvik (i mål), Jim Are Hansen, Endre Eide, Raymond Pedersen, Tarjei Tjeldflåt, Fridrik Røssland Agustsson, Rolf Vidar Hansen, Allkan Abdullah, Roger Ekeland, Rune Å. Mo, Roger Røssland. Innbytarar: Andreas Eide (i mål), Mats Å. Mo, Trond Thorsen, Seyed Sadat, Andreas Røyrvik, Stian Voster.

Høg temperatur og kamplyst prega Trio sin heimekamp mot Trott fredag kveld. Den jamne kampen mellom laga, som begge kjempar mot nedrykk frå 4. divisjon, enda med 2–1 til Trio.

– Kampen var jamn, og vi er godt fornøgde med å ha gått sigrande ut av den, seier trenar Håkon Ekeland.

Laga hadde omtrent like mange sjansar, men hellet var på Trio si side, trass i to stolpeskot.

– Innsatsen frå det unge og sterke laget var upåklageleg i kveld, skryter trenaren.

Neste seriekamp er heime mot Telavåg neste helg. På tabellen ligg laget på plassen over Trio, men Ekeland satsar på siger og nye tre poeng.

– Vi går for siger. Det er det einaste som gjeld i dei seks kampane som står att.

Tabell og resultat finn du her.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.