Halsnøy i storslag

www.kvinnheringen.no: Fotballkarane frå Halsnøy tok med seg tre poeng heim frå Etne fredag kveld.

Trude Aarsand E-post
Publisert 03.09.2010 kl 22:39 Oppdatert 05.09.2010 kl 11:40

Tips ein venn på e-post:

Etne-Halsnøy 1–2 (1–1)

  • 5. div. menn Rogaland fotballkrets
  • 20 min.: 0–1 Arnljot Hvidevold
  • 30 min.: 1–1
  • 75 min.: 1–2 Arnljot Hvidevold
  • Laget: Rune Eide (i mål), Tomas Eide, Espen Nobø Eide, Erik Steinsbø, Kenneth Lindholm, Ingvald Johnsen, Morten Eide, Gisle Oddvar Eide, Jan Karsten Sjo, Arnljot Hvidevold, Edvard Thormodsæter. Innbytarar: Markus Øvrevik, Kjell Arne Berntsen.

– Ein skikkeleg arbeidssiger, seier trenar Ingvar Hølland, framleis hås i stemma etter strabasane på Etne stadion. Resultatet vart 1–2 i favør av Halsnøy, som med det rykka opp frå femte til tredje plass i 5. divisjonsserien i Rogaland fotballkrets. Arnljot Hvidevold sytte for begge måla.

– Laget jobba hardt under heile kampen, mange sjansar enda resultatlause, men nokre gav også utteljing, seier trenaren som er stornøgd med innsatsen frå spelarane.

– Kampen gjekk mot ein tøff motstandar på ein vanskeleg bane. Å vinna var godt gjort, synest Hølland.

Halsnøylaget hadde med seg 23 spelarar og 10 supportarar som greidde å laga skikkeleg liv på tribunen. Desse skal nokså sikkert ha litt av æra for sigeren over Etne som før helga låg likt med Halsnøy.

Neste helg blir det heimekamp mot Ferkingstad, eitt av laga nedst på tabellen, men Hølland tek ingenting for gitt.

– Sjølvsagt trur vi på siger, men vi er innstilte på å måtta jobba for poenga.

Tabell og resultat her.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.