www.kvinnheringen.no: Femteplass til Marius Torget under UM i Molde.
Marius Torget (15) frå Trio har grunn til å vera fornøgd med prestasjonen sin i høgdehopp under Ungdomsmeisterskapen i friidrett i Molde laurdag. I konkurranse med 10 andre ungdomar frå heile landet runda han lista på 1,65 og sikra seg med det ein god femteplass. Han reiv på første, men greidde det på andre forsøk.
– Om han ikkje hadde rive, ville hoppet gitt han tredjeplass, seier far og trenar Arne Torget. Marius er uansett fornøgd med resultatet i den første landskonkurransen han prøver seg i.
Marius konkurrerte også i diskos, men er ikkje fullt så fornøgd med det. Med eit kast på 33,15 meter hamna han som nummer 13 av 15. Persen hans er 34,78.
– Marius er nettopp begynt med diskos og treng nok meir trening for å hevda seg i konkurransen. Turen til Molde gav han i alle fall ei god erfaring og oppleving med på vegen vidare, seier trenaren.