www.kvinnheringen.no: Tøff kamp mot Ny Kronborg enda med nytt tap for Rosendal.
Sterk innsats og ein uvanleg god førsteomgang var ikkje nok til å sikra poeng til Rosendal i bortekampen mot Ny Kronborg laurdag. Dermed går det ubønhøyrleg mot nedrykk til femte. Rosendal hadde overtaket gjennom heile første omgang. Frode Havnerås var i storslag og la inn heile tre mål for laget, medan Ny Kronberg ikkje greidde ei einaste scoring. Trenar Trond Inge Haugland vart spesielt imponert over mål nummer to.
– Ei perle av eit mål som resultat av eit kjempeskot skrått ut frå 16-meteren, skryter trenaren.
Laga gjekk til pause med heiderlege 0–3 i Rosendal sin favør. I andre omgang vart spelet snudd på hovudet, og Ny Kronberg kunne spela ball i hatt med Rosendal.
– Karane våre gløymte å spela fotball, medan motstandarane hadde gira seg opp i pausen. Det gjorde oss sjanselause, oppsummerer trenaren denne kampen som enda med 4–3-siger til Ny Kronborg.
Neste helg ventar heimekamp mot Radøy/Manger, noko som kan bli ein minst like tøff kamp.
– Vi held humøret opp. Det viktigaste er at vi har det kjekt, noko som dessutan alltid er viktig for å greia godt spel, seier Haugland som tek nedrykksposisjonen med fatning.