...
Terje Aggvin sette løyperekord på 18.04 i 2007. Her ligg han i tet under Søraløpet 2009. Foto: Tomas Bruvik

Klart for det 26. Søralløpet

www.kvinnheringen.no: Denne veka er det igjen klart for det største trimarrangementet i Kvinnherad, Søralløpet.

Ivar vaage E-post
Publisert 07.09.2010 kl 08:34 Oppdatert 14.09.2010 kl 08:05

Tips ein venn på e-post:


Lenge før startskotet tyder alt på at deltakarrekorden på 1356 trimmarar vil bli sletta med god margin. Årsaka til det er at alle elevane ved Undarheim skule i år blir med for fyrste gongen, fortel Bjørn Heimvik ved BIL Søral.

Søralløpet blir i år arrangert for 26. gong og det er difor ikkje til å undrast over at arrangementet har funne si form, med skuleløp torsdag føremiddag, «oppsamlingsløp« torsdag kveld og hovudløpet søndag føremiddag.

I fjor stilte til saman 1356 opp i dei tre arrangementa. Det var ny rekord og ein fin auke frå året før, m.a. på grunn av at dei eldste elevane ved Undarheim skule deltok. I år stiller altså skulen med alle elevane, saman med elevar og lærar ved Husnes ungdomsskule og KVV.

Dei siste åra har om lag halvparten av deltakarane vore skuleelevar, i år vil det truleg bli fleire elevar enn vaksne.

Med unnatak av dei yngste skuleborna skal alle gjennom den same løypa, som er på 5,8 kilometer og vekslar mellom sti, turveg og asfalt.

For å unngå trafikken på hovudvegen skal dei yngste gå ein runde rundt golfbanen på ca fire kilometer.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.