Frida Berge havna på fjerdeplass etter 1500 meter i Sveits. (Arkivbilde).

Frida sette ny pers

Frida Berge frå Ølve sette ny personleg rekord tok andreplass på 1500 meter for juniorar under Bislett Games torsdag kveld.
Aasmund Taarn Sande E-post
Publisert 08.06.2012 kl 12:55 Oppdatert 08.06.2012 kl 12:55

Tips ein venn på e-post:



Løpet var ei nasjonal øving under Diamond League-stemnet. Med 4.23.09 slo Frida både den personlege rekorden frå Florø sist helg (4.24.56), og ho sprang på nytt under kvalifiseringskravet til junior-VM i Barcelona 13. juli (4.28.00).

– Det er vi godt nøgde med, seier pappa og trenar Hans Jakob Berge til Kvinnheringen. Han var med dottera til Bislett og fekk med seg stjernegalleriet med Usain Bolt i spissen.

Sjølv om Frida sette ny personleg rekord, meiner faren likevel løpet i Florø var hakket betre grunna sterk vind.

– Frida hadde nok større ambisjonar på Bislett, men det er ikkje alltid alt klaffar, seier han til Kvinnheringen.

På 1500-meteren i sjølve Diamond League-stemnet kom Ingvill Bovim Måkestad på 7. plass med tida 4.06.31.

– Det er sjølvsagt eit anna nivå der enn i klassen til Frida, men tidsmessig er det ikkje eit hav vi snakkar om, seier faren/trenaren.

På forsiden nå


...

Det vert innførd eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok i dag å innføra eigedomsskatt.

...

– Nei til meir kutt!

Sidan 2011 har det vore kutt i rammene til dei kommunale barnehagane. No meiner dei tilsette at grensa er nådd, eller at den eigentleg vart nådd for lenge sidan.

Juleblomen 2014

...

4H-engasjert i 25 år

Inger Johanne Rød Vågen får Kvinnheringen sin juleblom for lang og tru teneste for Solglimt 4H i Åkra.