Wermund W. Vetrhus

er musikar og arkitektspire med adresse både i Uskedalen og i Bergen.

Trude Aarsand E-post
Publisert 08.03.2010 kl 09:07 Oppdatert 08.03.2010 kl 09:07

Tips ein venn på e-post:

...

Namn: Wermund Wangensten Vetrhus

Alder: 26

Adresse: Uskedalen

Familie: Gift med Anette Wangensten. Éi dotter.

Ein master i arkitektur er målet, men nett no har han eit kvileår med jobb hos Prosjekt Konsult. Wermund Wangensten Vetrhus har to års studering igjen før han kan kalla seg det som inntil nyleg heitte sivilarkitekt. Av ulike årsaker har han tatt ein pause før han tek fatt på nye studiar i København.

– Kva går jobben hos Prosjekt Konsult ut på?

– I hovudsak jobbar eg med å førebu private reguleringsplanar. Ikkje det mest spennande, men det gir god innsikt i dei ulike samfunnsmekanismane. Dessutan har vi eit kjekt arbeidsmiljø med hyggelege menneske her.

– Kva er du mest oppteken av for tida?

– Eg reiser mykje fram og tilbake til Bergen. Der held både kona mi og bandet mitt «Five foot seven» til. Bandet, som spelar country-rock, er nyleg gjenoppretta, og i påskehelga skal vi spela på Capri. Før det blir det mykje øving.

– Kva gjer deg sinna?

– Det må vera viss nokon er skikkeleg stygg med meg eller familien min, men for å vera ærleg er det få som har sett meg sint. Frå far min har eg ein leveregel som eg prøver å etterleva: «Det kan gå godt». Det er jo svært sjeldan ting går heilt gale, så kvifor ta sorgene på forskot?

– Kva gjer deg glad, då?

– Vesle Mina (dottera) gir mykje underhaldning. Elles er det eit fint liv å grilla pølser og drikka pils i Nordnesparken ein fin sommardag – helst saman med gode vener, ein gitar og ei tromme.

– Noko du ser fram til nett no?

– Til å ta opp studiane til hausten. Eg håpar sterkt på å få meg eit utvekslingsår i København.

– Kva er det beste med Uskedalen?

– Ei god bygd som er ypparleg å veksa opp i. Bygda gir rom for fri utfalding i naturen. Betre fridom finst ikkje verken for born eller vaksne.

– Korleis er ei god helg?

– Å slappa av saman med familien og avslutta med øving i «Five foot seven» på søndagen. Ein hyttetur til Mannsvatn innimellom er topp.

– Held du deg i form?

– Ikkje i det siste, dessverre. Tida strekkjer ikkje til. I Trondheim sprang eg til og frå skulen og kom i fin form av det. No er kondisen dårlegare, men det kan gå godt!

– Kor har du hatt den finaste ferien?

– Sei det. Frå oppveksten har eg gode minne frå hytteturar til Sotra med utflukter til snopebutikken på Sartor Senter. Sommar-Bergen er òg ein herleg plass.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Over tonnet i Uskedalselva

Nyhende I fiskesesongen 2011 vart 6687 kg laks og 2722 kg sjøaure tatt opp frå elvane i Hordaland. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.