Nicolai Myklebust

er 19 år og kombinerer skulegang på KVV med fritidsjobb på bensinstasjonen i Uskedalen.

Aasmund Taarn Sande E-post
Publisert 15.03.2010 kl 11:36 Oppdatert 15.03.2010 kl 11:36

Tips ein venn på e-post:

...

Namn: Nicolai Myklebust

Alder: 19

Adresse: Uskedalen

Familie: Har kjæraste

Nicolai går tredje året allmennfag ved KVV. For å tena pengar, sel han bensin på YX-stasjonen i Uskedalen på fritida.

Nicolai har planar om å bli politimann – om han kjem inn på politiskulen.

– Eg vil at ting skal vera rettferdig, og det er eit spennande yrke, seier han om planane.

– Kva er du oppteken av nett no?

– Det går mest i jobb, lekser og bilkøyring.

– Kva gjer du på i fritida?

– Då er eg mest i lag med kjærasten. Resten av tida går til jobb og bilkøyring.

– Kva er det beste med Kvinnherad?

– At det bur mange kjekke folk her.

– Og det verste?

– At det skjer så lite.

– Kva gjer deg glad?

– Dama mi. Og når bensinprisane går ned.

– Og kva gjer deg sint?

– Nesten ingen ting.

– Irritert då?

– Urettferdige menneske.

– Kven ville du gitt ein blom?

– Nabo Thordis Myklebust. Ho er ei kjekk dame.

– Kven ville du gitt eit spark bak?

– Det er sikkert einkvan som hadde fortent det, eg kjem berre ikkje på kven.

– Kva er drøymejobben?

– Det måtte vera å vera ambassadør i eit varmt land.

– Kva gjer du når du skal slappa av?

– Då er eg saman med dama mi, eller ser på film i lag med vener.

– Favoritt-filmsjanger?

– Action og skrekkfilmar.

– Korleis ser ei vellukka helg ut?

– Å ha fri frå jobb og gå på ein god fest.

– Favorittmat?

– Kjøtkakene til «svigermor» og heimelaga pizza.

– Og kva ser du helst på TV?

– «Paradice Hotel».

– Som er kva?

– Ei reality-såpe om ti ungdomar som er på eit hotell – mon det ikkje er i Mexico?

– Kor reiser du helst på ferie?

– Om eg hadde kunna, ville eg reist til Sør-Afrika. Der var eg som utvekslingsstudent i eitt år og likte både folk og land. Elles skal eg til Ibiza i lag med kameratar i sommar, og det trur eg blir bra.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Over tonnet i Uskedalselva

Nyhende I fiskesesongen 2011 vart 6687 kg laks og 2722 kg sjøaure tatt opp frå elvane i Hordaland. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.