Olav Ljostveit

er ein reiseglad mjølkemann.

Kjartan Wang Olsen E-post
Publisert 30.08.2010 kl 10:43 Oppdatert 30.08.2010 kl 10:43

Tips ein venn på e-post:

...

Olav Ljostveit, 51 år

Yrke: Privat næringsdrivande, Ljostveit Transport

Adresse: Seimsfoss

Sivil stand: Gift, tre born og eitt barnebarn

– Denne sommaren har slett ikkje vore mykje å skryta av vêrmessig. Forsommaren var kald med mykje nordavind, og juli kom med berre ein og annan dagen som likna på sommar, seier Olav Ljostveit, ein kar som skulle vera kjent over heile kommunen som mangeårig leverandør av konsummjølk til mellom anna butikkar, skular og institusjonar.

– Vi har to bilar og leverer mjølk kring om i heile kommunen, bortsett frå i Ølve, fortel han.

– Men har du hatt ferie i sommar?

– Ja, eg har hatt ein 14 dagars tid, og det er faktisk litt i overkant av det vi normalt har kunna unna oss om sommaren. Dei første dagane var vi på hytta til far til kona i Sunnfjord, deretter tok vi ei lita veke på Sørlandet og oppover mot Stavanger. Og på den turen vart vêret faktisk så pass bra at eg fekk meg ein aldri så liten dukkert i sjøen. Det er einaste gongen eg har vore i sjøen denne sommaren.

– Er du ein ivrig sjøbadar?

– Ikkje no lenger, men i ungdomen var det mykje bading. No har eg vorte så pass gammal at eg vil ha ein nokolunde behageleg sjøtemperatur før eg hoppar uti.

– Men du får kanskje sjansen til meir sjøbading litt ut på haustparten.

– Ja, i haustferien til skulane skal kona og eg til Mallorca, og då vonar vi sjølvsagt på sol, varme, og eventuelt ein dukkert eller to.

Vi likar å reisa, koma oss vekk litt, og vi har planar om sydentur også i vinterferien. Sist vinter var vi på eit aldri så lite cruise mellom Egypt og Jordan, om bord på eit nokså nytt fransk cruiseskip med plass til berre kring 200 passasjerar. Det var ei flott oppleving.

– Du har ei arbeidstid som er litt utanom det vanlege?

– Ja, her er det snakk om fleksitid, flirer Olav.

– Arbeidsdagen byrjar ein gong mellom klokka halv fire og fem-seks om morgonen, og eg sluttar normalt av ein gong mellom 11–12 og fem-seks-tida om ettermiddagen. Det er køyreruta, og om vi er i Bergen og hentar mjølk, som er avgjerande for arbeidstida.

– Som storbrukar av ferje, kva synest du om det nye ferjestøet på Årsnes?

– Det har fungert bra i sommar, men eg ser fram til at vegarbeidet der inne er ferdig. Vonar berre dei gjer ein skikkeleg jobb også på resten av vegen mot Løfallstrand. Den er minst like uoversiktleg som den parsellen dei no utbetrar, samstundes som vegkantane er elendige.

– Kva gjer du på når du ikkje er på jobb og skal slappa av?

– Om vinteren ser eg litt på TV, nyhende, ein og annan film, gjerne ein actionfilm eller komedie, og dessutan dokumentar. Såpeopera skyr eg som pesten. Men på sjølvsaste 17. mai i fjor fekk vi det første barnebarnet vårt, ei lita jente, og det kjekkaste eg veit er å dulla med ho, seier Olav Ljostveit.

Mest lese no

...

Uavgjort for Trio

Sport www.kvinnheringen.no: Trio spela 3–3 mot Falkeid i vintercupen torsdag. Les meir

...

Vann aviskonkurranse

Nyhende www.kvinnheringen.no: 7. trinn ved Omvikdalen skule gjekk til topps i Kvinnheringen sin aviskonkunkurranse og vann ein premiesjekk på 1.500 kroner. Les meir

...

For dårleg tryggleik

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinnherad og Bømlo Eldreråd ber no forsikringsselskapa vurdera tryggleiken ved billettsal på snøggbåtane. Les meir

...

Mottok pengegåve

Nyhende www.kvinnheringen.no: Onsdag fekk Husnes Musikklag overrekt ein sjekk på 25.000 kroner frå Sparebank1 SR-Bank. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.