trivst blant klede og kundar.
Namn: Lisbeth Olsen
Alder: 20
Yrke: Butikkmedarbeidar på Vero Moda
Adresse: Valen
Sivil stand: Sambuar
Lisbeth har jobba på klesbutikken Vero Moda på Husnes i over tre år, og der stortrivst ho. Ho er ei målbevisst og arbeidsam jente, som har jobba seg opp frå ekstrahjelp til å jobba fulltid.
– Eg tok allmenn påbygg på vidaregåande, og så skulle eg berre ha eit friår fordi eg ikkje visste heilt kva eg ville studera. Først byrja eg som ekstrahjelp, så fekk eg 60 prosent, og no har eg 100 prosent stilling her. I tillegg har eg no ansvaret for Jack & Jones-avdelinga i butikken, fortel ho.
– Eg synest det er gøy å jobba her og trivst kjempegodt. I byrjinga var eg ikkje så oppteken av klede og motar, men etter at eg byrja i jobben har eg blitt meir interessert i det og har sjølv skifta litt stil. Det er også spanande å følgja med på dei ulike trendane, og på kleda vi får inn, fortel ho.
Med butikkjobben kjem mykje ansvar og lange arbeidsdagar. Lisbeth byrjar klokka ti eller elleve på føremiddagen, og jobbar til seks-sju om kvelden. Ho må rekna på budsjettet, bestilla inn nye varer, byggja opp butikken, og ekspedera kundar. Og det siste er det kjekkaste:
– Det er artig å møta så mange ulike folk. Nokon kundar skal til dømes berre ha ei enkel bukse, medan andre vil ha meir rettleiing og råd. Dagane her er veldig spanande og varierte, smiler Herøysund-jenta.
På fritida brukar Lisbeth tid på kjærasten, venner og trening.
– Eg trenar ein del på TrimX. Før spela eg òg volleyball, men no har eg rett og slett ikkje tid til det lenger.
Elles likar ho å reisa, og ynskjer å reisa til Thailand igjen. Der var ho i desember i fjor.
– Det er alltid herleg med ferie når det vert så mykje jobbing. Eg vonar å snart kunna ta meg ein tur igjen, og så lenge eg får nokon til å jobba for meg så er ikkje det noko problem, fortel ho før ho held fram med å pakka opp nye haustklede på Jack & Jones.