Terje Hus

er dagleg leiar i gartneriet i Rosendal og har ein travel vår.

Mona Grønningen E-post
Publisert 23.03.2011 kl 09:49 Oppdatert 23.03.2011 kl 09:49

Tips ein venn på e-post:

...

Namn: Terje Hus

Alder: 36

Yrke: Gartnar

Adresse: Adresse

I desse dagar er Terje travel som dagleg leiar i BoGrønt Fredheim Gartneri i Rosendal. Besteforeldra hans starta gartneriet i 1947, og Terje er tredje generasjons drivar. Til saman jobbar det ti årsverk i hagesenteret og gartneriet.

Kva går det i om dagane?

– No nærmar det seg vår, og vi klargjer hagesenteret for opning 30. mars. No plantar vi sommarblomar som spanske margerittar, petunia og lobelia, og får inn nye varer og stiller dei ut. I anlegget vil eg tippa at vi no har rundt 150.000 planter, og vi har stor eigenproduksjon av hortensia. 85–90 prosent av det vi produserer leverer vi til grossistar i Bergen, Haugesund og Førde.

Er dette den travlaste tida for dykk?

– Sjølv om vi har litt lite folk på jobb nett no, så vert det faktisk travlare for oss i månadene april, mai og juni. Men eg har ingenting i mot å ha det travelt, eg synest det er kjekt å ha noko å henga fingrane i og stortrivst i jobben min!

Er det for tidleg å byrja med hagearbeidet no ?

– Nei, no kan folk byrja å klippa ned frukttrea sine og raka vekk gamalt lauv og anna rusk som har lege etter vinteren. Under spirer snøklokker, påskeliljer, krokus og tulipanar. Du kan også byrja å planta påskeliljer, stemorsblomar, tusenfryd og laukplanter som toler frost.

Gler du deg til våren?

– Ja, våren er jo ei av dei finaste årstidene, så eg vonar den kjem tidlegare i år enn den gjorde i fjor! April var ein kald månad som vi merka godt her i gartneriet.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.