Gå til sidens hovedinnhold

1. desember er Røykvarslardagen

Artikkelen er over 1 år gammel

Levande lys, peiskos, matlaging og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida. Gjer det difor til ein hugseregel å testa røykvarslarane og byta batteri ved behov på Røykvarslardagen 1. desember.

– Alle bustader og hytter skal ha røykvarslarar, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunna høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd, seier feiar Alf Steinsvik i Kvinnherad brann og redning i ei pressemelding.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Test røykvarslaren

Test røykvarslaren ved å halda ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrja å pipa. Om han ikkje gjer det, må du byta batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpa ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seia at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byta batteriet med éin gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpa nokon som ikkje greier å testa eller byta batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vera ei fin førjulsgåve.

– Vi tilrår seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuera, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vera med på å redde liv, seier Steinsvik.

Bør testast jamleg

Ein bør normalt byta røykvarslarar etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skit kan detektoren bli ustabil og gje falske alarmar, fordi sensoren blir skiten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vera kortare. Røykvarslarar er EE-avfall som ein ikkje skal kasta i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.

– Røykvarslarar bør ein testa jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid, legg Feiar Sindre Eidsvik til. Han opplyser òg om at på røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Her er nokre gode hugsereglar:

• Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.

• Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.

• Alarmen skal kunna høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når døra mellom romma er stengd.

• Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar bør du ha seriekopla røykvarslarar. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.

• Vel optisk røykvarslar. Dei fleste bustadbrannar startar som ulmebrannar, og då er optiske røykvarslarar best.

• Det er forhandlarane som er ansvarlege for at røykvarslarane dei sel er produserte i samsvar med regelverket. Det du må sjekka, er at varslaren er CE-merka.

Les også

Dette kosta Dinosaurhuset i Rosendal

Kommentarer til denne saken