Gå til sidens hovedinnhold

114 i pleie og omsorg på spennande kurs

Artikkelen er over 2 år gammel

I dag og i morgon er 114 tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Kvinnherad kommune på spennande kurs om demens, angst og depresjon hos eldre.

Tysdag og onsdag denne veka er rundt 114 tilsette samla på kurs, og den 28. og 29. januar skal 100 nye tilsette på kurs. Føredragshaldarane kjem frå Olaviken alderspsykiatriske sjukehus. Olaviken er ein del av spesialisthelsetenesta, og Kvinnherad nyttar seg av dei tilsette der sin kompetanse og rettleiing i forhold til utgreiing av pasientar.

Initiativtakarane bak kursa er Tove Omdal, einingsleiar ved Halsnøytunet, og Anne Tangen Rørdal, einingsleiar ved Husnestunet.

– Det starta med at vi fekk invitasjon til å delta på kurs hos Olaviken på Askøy. Temaet er veldig aktuelt, og knytt til problemstillingar vi står i dagleg i jobbane våre. Men det kan vera utfordrande å senda tilsette av garde på slike kurs, og derfor spurde vi om ikkje føredragshaldarane heller kunne komma til oss. Det var dei positive til. Det same var sektorleiar Bjørg Wangensten, fortel Omdal.

Til saman skal altså rundt 200 tilsette delta på desse kursa, og det kan derfor kallast ei real storsatsing for sektoren og for Kvinnherad kommune.

Kommentarer til denne saken